Vurderer å degradere Contadors lag

Alberto Contador er utestengt frå all idrett fram til august. No spøkjer det for laget hans og vidare deltaking i dei største sykkelritta.
Foto: JAVIER SORIANO/AfpDet internasjonale sykkelforbundet (UCI) bad fredag lisensutvalet sitt avgjere om profflaget Saxo Bank kan behalde statusen som verdenstourlag.
Publisert 10.02.2012 20:19.
- Kommentarer
- Skriv ut
Etter dopingutestenginga av stjerneryttaren Alberto Contador er det danske laget, som blir leidd av Bjarne Riis, på gyngande grunn.
Spanjolen blei nyleg dømt til to års karantene for brot på dopingreglane.
Tour de France i fare
UCI skriv i ei pressemelding at lisensutvalet no skal ta stilling til om Saxo Bank får lov til å sykle vidare på verdenstouren.
Dersom laget blir ekskludert frå det fremste selskapet kan lagkameratane til Contador truleg også gløyme dei største sykkelritta på kalenderen, som til dømes Tour de France.
– Dersom ein tar bort poenga Alberto Contador har opptent, som svarar til omtrent 68 prosent av Saxo Banks samla poengtal, vil laget ikkje lenger oppfylle dei nødvendige kriteria for å køyre på UCIs verdstour, ifølgje Det internasjonale sykkelforbundet.
Veit ikkje når svaret kjem
Lageigar Bjarne Riis har tidlegare uttalt at han kjenner seg trygg på at Saxo Bank får behalde lisensen til å køyre på verdstouren.
Men no må Riis og ryttarane hans vente før dei får ei avgjerd i saka. UCI vil førebels ikkje gå ut med kor lang tid lisensutvalet vil bruke før avgjerda blir tatt.
(NTB-NPK)Siste Sykkel
Siste: Sport
Scoringsfest da Brann slo Sogndal - Vet for lite om senskader i fotball
- Mjeldes menn i målorgie
- Angan med historisk Molde-scoring
- Strømsgodset overtok tabelltoppen
- Tollefsen får tyn av lagkameratene
- Villstyringen har lært
- Ferrari best i Giro-maraton
- Dalglish fekk sparken i Liverpool
- Svensk seier i Tour of Norway



Villstyringen har lært








