Svenske feministar stiller til EU-val

Gudrun Schyman, talsperson for Feministiskt initiativ.
Foto: Richardsen, Tor/SCANPIXDet svenske partiet Feministiskt initiativ (FI) vil stille opp i både EU-valet neste år og riksdagsvalet i 2010.
Publisert 28.01.2008 16:31.
- Skriv ut
- Behovet for eitt feministisk alternativ i riksdagen har auka ytterlegare etter det førre valet i Sverige, skriv partistyre i ei pressemelding som vart presentert i Stockholm i dag.
Styret har laga følgjande tre forslag som skal opp i ekstrakongressen partiet skal halde i mai:
- FI skal stille opp i valet til EU-parlamentet i 2009.
- FI skal stille opp i riksdagsvalet 2010.
- Feministar i alle kommunar og län kringom i Sverige skal oppmodast til å stille opp i kommune- og landstingsvalet 2010 under partinamnet Feministiskt initiativ.
Heilomvending
Ved riksdagsvalet i 2006 fekk Feministiskt initiativ 37 954 røyster. Det tilsvarte ikkje meir enn 0,68 prosent, og var mykje mindre enn det medlemmane i partiet hadde sett for seg.
I februar i fjor melde tidsskriftet Riksdag og departement at partiet høgst truleg ikkje kom til å stille opp i fleire val. Feministiskt initiativ vurderte då å gå over frå parti til å verte ei folkerørsle, vart det sagt. Dårleg økonomi skal ha vore hovudårsaka.
- Vi klarte oss gjennom den førre valkampen takka vere eit stort pengebidrag frå ein sympatisør. Det kan vi ikkje rekne med i framtida, sa styrerepresentant Stina Sundberg i Feministiskt initiativ den gongen.
(Dagens Nyheter, Feministiskt initiativ)Nyheter fra verden
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, mandag 13.2. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: vpl@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Hellas godkjenner krisepakken