Vekst på alle flyplassane

AUKAR OG AUKAR: Stadig fleire vel fly inn og ut av fylket når dei skal ut og reise.
Foto: Cosmin Cosma/NRKSogn- og fjordingane flyg stadig meir. I januar auka trafikken på alle dei fire flyplassane i fylket.
Publisert 11.02.2012 08:47.
- Skriv ut

ANDA: Sandane lufthamn hadde ein passasjerauke på 23,4 prosent i januar.
Foto: Ottar Starheim/NRK
HAUKÅSEN: Sogndal lufthamn auka med 6,3 prosent.

BRINGELAND: Førde lufthamn hadde 11,2 prosent fleire passasjerar i januar, i høve til same tid i fjor.
Foto: NRK
FLORØ: Fylket største lufthamn auka passasjertalet med 2,5 prosent - inkludert offshortrafikken - i januar.
Foto: Birger Meland/NRKDet viser Avinor sin statistikk over tal passasjerar ved norske flyplassar.
Sandane tek av?
Størst auke har Sandane lufthamn, med heile over 23 prosent. I overkant av 3000 passasjerar flaug via Anda i januar.
– Det er tydeleg at folk likar å fly frå Sandane, seier ein godt nøgd lufthamnsjef, Jon Granheim.
Han seier både næringsliv og privatpersonar støttar opp om flyplassen.
– I tillegg har vi hatt god regularitet på Widerøe sine flygingar, fastslår lufthamnsjefen.
Trass formidabel auke, Sandane er framleis dessidert minst av dei fire flyplassane på kortbanenettet i Sogn og Fjordane.
Sogndal lufhamn Haukåsen noterte seg 5500 passasjerar i januar. Det er ein auke på 6,3 prosent.
Stor vekst i Førde
Førde lufthamn Bringeland auka 11,2 prosent og hadde nær 7000 passajserar i årets første månad.
– Det er veldig hyggjeleg å ha slike tal tidleg på året, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal.
Som sin kollega på Sandane forklarer Gjesdal veksten med mykje reising både blant næringsliv og privatpersonar.
– I tillegg har vi hatt ganske bra regularitet i januar, trass i mykje snø. Widerøe har vore punktlege.
Minst auke i Florø
Den største av flyplassane i fylket, Florø hadde minst vekst i januar. Flytrafikken auka med 1,4 prosent til drygt 9500 passasjerar. Medrekna helikoptertrafikken til Nordsjøen blir veksten 2,5 prosent, - totalt 13.000 passajerar.
– Det gjeld nok det same for dei andre lufthamnene som for oss. Næringslivet går godt. Folk har god råd og ønskjer å reise. Fly er lettvint og enkelt og bruke, og relativt rimeleg, seier lufthamnsjefen i Førde.
Siste: Sogn og Fjordane
- Sogndal med marerittkamp mot Brann
- Brukte fire minutt på å slå Florø
- Dette laget møter rivalane i Brann
- Rykte ut til brann i uthus
- Russen lokka med is - får pizza
- Krasja bilen i alkoholrus
- Fann mann død ombord i båt
- Veden over elva på ti sekund
- Motorsyklist køyrde av vegen
- Skeiv folketalsvekst i fylket
Siste: Sogn og Fjordane
Sogndal med marerittkamp mot Brann - Brukte fire minutt på å slå Florø
- Dette laget møter rivalane i Brann
- Rykte ut til brann i uthus
- Russen lokka med is - får pizza
- Krasja bilen i alkoholrus
- Fann mann død ombord i båt
- Veden over elva på ti sekund
- Motorsyklist køyrde av vegen
- Skeiv folketalsvekst i fylket
















Øvde på det verst tenkjelege