Fartsskrivar

  • Er ei lita datamaskin som vert installert i alle køyretøy som skal brukast til transport underlagt køyre- og kviletidsreglane.
  • Informasjon om sjåførens aktivitetar og korleis køyretøyet vert brukt, vert lagra fortløpande i fartsskrivaren.
  • Målet med den digitale fartsskrivaren er ved betra kontrollmoglegheiter å betre sjåførens arbeidsmiljø og auke trafikktryggleiken. Det bidreg også til ein meir rettferdig konkurranse mellom bedriftene i bransjen.

Sjåførkort

  • Kvar einskild sjåfør som skal køyre ein bil med digital fartsskrivar må ha sitt eige sjåførkort. På kortet vert det lagra informasjon om køyringa til den einskilde sjåføren. Kortet er personleg og lagrar data gom beskriv køyre- og kviletider, anna arbeid og liknande.

Fartsskrivarsystemet

Foto: Statens Vegvesen
  • Den digitale fartsskrivaren består kort fortalt av ein rørslesensor, køyretøyeining og fire forskjellige fartsskrivarkort. Korta er såkalla smartkort. Dei har ein mikrochip som kan kommunisere med fartsskrivaren.
  • Les meir hos Statens Vegvesen

KILDE: STATENS VEGVESEN