Omgrep:

Transseksuell, TS (av latinsk transeo = over/på andra siden och sexus = kjønn)
Ein person som opplever å vera av "motsett" kjønn i forhold til sitt biologiske kjønn. Transseksualitet er ein medisinsk diagnose og kan vera ein måte å identifisera seg på. Personar som blir sett på som transseksuelle ønskjer som regel hormonell og kirurgisk behandling for å gjera kroppen mest mogleg i samsvar med sin kjønnsidentitet. Dette for å få leva ut sin kjønnsidentitet på alle måtar, sosialt som seksuelt.

   

Transkjønna
Føretrekt omgrep av dei som ønskjer kjønnsbekreftande behandling og erstattar uttrykket transseksuell. Grunninga er at dette primært handlar seg om kjønn, og ikkje om seksualitet.

       

Transvestitt, TV (av latin: "transeo" = over/på andre sida og vestis = klede)
Ein person som tidvis, hyppigheita varierar, heilt eller delvis kler seg i det "motsette kjønn" sine klede og rolle for å føla seg vel. Transvestisme har ikkje noko med seksuell legning å gjera. Uttrykket transperson blir i dag nytta i større og større grad fordi det blir oppfatta som meir dekkande.

    

Transperson, TP eller Transe
Eit samleomgrep som omfattar alle kjønnsoverskridane uansett om det gjeld sosialt kjønnsuttrykk, personleg kjønnsidentitet, biologisk kjønnstilhøyrsle eller beint fram eit behov for å uttrykka seg gjennom å bryta dei tradisjonelle kjønnsuttrykka. Omgrepet blir ofte brukt i politisk samanheng for å omtala gruppa med kjønnsoverskridarar. Dette inkluderer mellom anna transgenderister, transvestittar, crossdressere og drag kings/queens, medan det er ei viss usemje i transmiljøet om transkjønna og interseksuelle høyrer inn under dette omgrepet.

Kjelde: FTP